Varmrøykt pepperlaks servert i blomkålsuppe med peppersteikte blomkålbuketter

Rekn 150 gram laks per person om du skal severe det som ein kveldsrett eller lunsj. Som forrett passar det med 80 gram per person.

Blomkålsuppe 6 personar

Rensk blomkålen i små buketter, spar gjerne noko av dei grøne blandene til å ha i dei pepparsteikte blomkålbukettene. Ha litt olje og 1 ss usaltet smør, fres blomkålen til det er gyllent, ha i mjølk til det dekker. Kok under lokk til blomkålen er mør. Ha alt i ein blender og kjør til glatt purè, ha i 2 ss usaltet smør, smak til med salt og kayennepepar.

Blomkålsuppe 6 personar

Skjær blomkålen i små bukettar, steik i solsikkeolje med salt og grovt kverna sort pepar! Ha gjerne i litt av dei grøne blomkålbladene. Legg i litt smør, ca 1 ss det siste minuttet, då får du den gode smaken.

Anretning

Legg den pepparsteikte blomkålen og legg eit stykke med Pepparlaks i, som er romtemperert. Hell suppa rundt, pynt med litt grøne urter. Server med nybakt brød.

Du trenger:

  • 1 stk Stort Blomkålhode
  • 8 dl Heilmjølk
  • 1 ss Rapsolje
  • 1 ss Usaltet smør
  • salt
  • kayennepepper
  • sitronskal
  • Blomkål ¼ stk hode